Utlysing av POLYFON prosjektmidlar hausten 2017

POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi lyser ut opp til kr. 200.000,- i prosjektmidlar til fagprosjekt for musikkterapeutar og forskarar i POLYFON-samarbeidet.

Søknadsfrist: Onsdag 1. november kl. 13.00. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Ønskjer du meir fagleg informasjon, ta kontakt med prosjektleiar Brynjulf Stige, brynjulf.stige@uib.no (tlf. 971 69 746).

Søknader sendast til nettverksadministrator Liv Gunnhild Qvale: liv.qvale@uib.no. Ho kan også kontaktast for spørsmål kring formelle/administrative sider av søknaden (tlf. 55 58 60 31).

Generell informasjon om ordninga

Søknader vert vurderte av ein fagkomité. Følgjande prinsipp er styrande i vurderinga av søknader:

  • Fagpersonar hjå deltakarane i POLYFON-konsortiet har høve til å søkje om prosjektmidlar. Fagpersonar hjå assosierte deltakarar kan også søkje, dersom aktuell deltakar bidreg økonomisk til drift av konsortiet med minimum 50 % av vanleg deltakarbidrag.
  • Det kan søkjast om støtte til drift og/eller frikjøp for person eller gruppe i konsortiet, til engasjement av ekstern ekspertise og/eller til engasjement av musikkterapistudent(ar) i forskar¬assistent¬oppdrag.
  • Prosjekt som inkluderer samarbeid med master- eller ph.d.-prosjekt, eller som kan leie fram til utarbeiding av prosjektskisser for nye realiserbare ph.d.-prosjekt vil verte vurderte som særleg interessante.
  • Prosjektsøknader skal vere grunngitt i behov i eit praksisfelt, ved at prosjektidear konkret veks ut av praksis hjå deltakarane i konsortiet eller ved at ei vurdering av forskings-litteraturen viser at aktuelt praksisfelt manglar visse former for forsking (t.d. evidens, teoriutvikling, eller dokumentasjon av brukarerfaringar).
  • Dei utlyste midlane skal ha ein såkornfunksjon, slik at prosjektsøknader bør peike fram mot vidare utvikling og ekstern finansiering.
  • Så sant det er relevant, bør prosjektskissene leggje vekt på tverrfagleg samarbeid og/eller samarbeid mellom deltakarar i konsortiet og/eller internasjonalt samarbeid.
  • Ved vurdering av søknader, vil prosjektkvalitet vere eit hovudkriterium, samstundes som der også vil verte gjort ei heilskapleg vurdering av alle søknader med tanke på balanse mellom dei ulike praksisfelt i konsortiet og mellom tradisjonell akademisk forsking og forsking som ligg nærare praksisrelatert kvalitetsutvikling.

Krav til søknader og til rapportering

Søknader skal vere korte og konsise og skal innehalde:

  1. Personalia (namn, adresse, tlf. og e-postadresse)
  2. Prosjekttittel
  3. Hovudmål og delmål for prosjektet (maks 100 ord)
  4. Prosjektsamandrag (maks 300 ord, inklusivt 3-5 litteraturreferansar)
  5. Kort beskriving (maks 300 ord) av korleis prosjektet er grunngitt i behov i eit praksisfelt, korleis det kan fremme samarbeid og/eller korleis det kan peike fram mot framtidig eksternfinansierte prosjekt (sjå «Generell informasjon om ordninga»).
  6. Planar om formidling (maks 100 ord)
  7. Kort oversyn/plan over prosjektperioden
  8. Budsjett.

Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå aktuell deltakar i konsortiet, og som hovudregel vert det forventa at deltakaren i konsortiet stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den prosjektsummen det vert søkt om. Dersom det kjem fleire søknader frå same konsortiumsdeltakar, er det ikkje nødvendig at deltakaren prioriterer mellom desse.

Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 100 000,-.

Ein kort prosjektrapport, inkl. enkel rekneskapsrapport, vert sendt inn til POLYFON seinast ein månad etter avslutta prosjekt. POLYFON kan også be om statusrapportar undervegs dersom prosjektet går over fleire år.

Vi håper det vil vere interessant for prosjektleiar å dele erfaringar på framtidige POLYFON-konferansar.